http://skuggevals.wordpress.com

http://skuggevals.wordpress.com vil framover bli brukt til omsynslaus framslenging av ord om alt og inkje, og kanskje særleg om dei vene, skjøre grenselandskapane innimellom desse.

Eg set stor pris på det om du vil titte innom og kanskje til og med leggje igjen ein aldri så liten kommentar.

[Dei gamle orda (og bileta) er òg å finne her, under kategorien med det originale namnet "Dei gamle orda".]

Tryllestøv og høstlauv

-T-
  • 05.okt.2009 kl.15:08 i Fragment
  • Ingen kommentarar
  • Permalenkje

Kjolehistorier

Kjolerydjing resulterte i kjolebilete, og kjolebilete resulterte i nedskrivne kjolehistorier.

 

Her er to av dei.
Det kjem nok fleire.

 

Den raude med kvite blomar og blonder

Soundtrack: Samson, Regina Spector

200902202457

Den raude kjolen med dei kvite blondene på er eit vintagekupp frå Amsterdam. Finaste Ane var på besøk, og ho inspirerer til så mange ting, mellom anna raud kjolekjøping. Kjolen er sånn vinter som det er rett før det bli Amsterdamvår, han er blomstrete fnising og storbyfridom. Og han er Amsterdamsavn.

 

 

Kjolejakka som er sydd av tyll, fløyel og eventyr

Soundtrack: Take this waltz, Mr. Cohen

200902202467

Dette er eigentleg ikkje ein kjole, men ei sånn «kjolejakke». Ein sånn delikat liten sak med korte puffarmar, tvinna av fløyel og tyll. Eg arva ho av Gerd, mi psykologgrantante som reiste omkring i heile vera og hadde leketerapi for barn. Eg veit altså ikkje kor gamal fløyelsjakke er, eller kor ho kjem frå, men eg trur ho har vore med på fabelaktige eventyr.

  • 20.feb.2009 kl.14:53 i Fragment
  • 5 kommentarar
  • Permalenkje

Å hive etter pusten


Eg kan ikkje springe fort nok

For vegen endar før eg når fram

Og føtene mine søkk ned i nokon andre sine fotspor

Kven er du,

du som målar ord og pustar bilete


Og kvifor kan eg aldri kjenne deg


200902082130 holga
  • 15.feb.2009 kl.16:04 i Ord og bilete
  • Ingen kommentarar
  • Permalenkje

Attgangar

 

Eg syng ein annan song.  For det er kaldt i gangen mellom no og då, og  frakken som heng igjen er ein attgangar. No skal eg snekre rammer og låse dører, og tenkje på alt som kunne vore viss eg hadde hatt fleire spikrar og kunne halde orden i nøklane mine. 

 

blomstersykkel holga
  • 09.feb.2009 kl.16:14 i Ord og bilete
  • 2 kommentarar
  • Permalenkje

Eg lurer på om eg kan bruke myrkje sjølv om eg ikkje er Garborg

 

Når det er skikkeleg kaldt hjelper det litt å sitje heilt inntil den fine gamaldagse peisomnen. Og viss ein i tillegg har eit mjukt varmt teppe som ein har fått i julekalendergåve frå den finaste mammaen i verda, så gjer det ikkje så mykje om det er iskaldt utanfor dei gamle slitne vindauga. Dessutan hjelper adventste i februar særleg godt mot frost.

I dag trefte eg englar i byen. Dei varma godt i kulda. Eg tenkjer at eg skal lure dei med meg heim ein dag, og sy dei fast til ei pute så dei kan bu i sofaen min. Dei vert nok gode venar med dei blå stripene. Og dei kan diskutere fred og politikk og sånn med morgonen og kvelden som heng på stovevegen.

 

img2192

  • 03.feb.2009 kl.20:08 i Ord og bilete
  • 2 kommentarar
  • Permalenkje

Asfaltsongen

 

"Hsssj" seiar eg, "høyr på asfaltsongen"!

Men du kjenner ikkje asfalten. Du kjenner berre skoa du trør med.

 

200901311864

  • 02.feb.2009 kl.10:52 i Ord og bilete
  • Ingen kommentarar
  • Permalenkje
Stikkord:

A

 

Du bygger altar

av rust og drivved

 

Men møter stadig atterstødene

av eit liv spelt i lunken Amoll

 

Andvaken og annleis,

Slepar du deg på tvers av alfarvegen

 

Medan Atterljomen syng

Atonalt

 

A

  • 01.feb.2009 kl.14:24 i Ord og bilete
  • Ingen kommentarar
  • Permalenkje

Skipbroten

 

Og  du vart tagal att -

Kviskra korkje draum

ynskjer eller hud


Og andletet ditt var berre blomar

i utviska skogar


Og stemmen ein fivreld sin atterlet song

Som framleis teikna ljos og kjærleik

Men i ukjende tunger

med igjenrustna kjevar


Medan hjarta bylgja

Langt ifrå land



img0997

 

  • 27.jan.2009 kl.22:29 i Fragment
  • Ingen kommentarar
  • Permalenkje
Stikkord:

gi, gir, gav, gitt el. gje el. gjeve

Andre har flass på skuldrene, - eg har sørlandschips med spansk paprikasmak.


200901041349


Eg var på ein bar på laurdag. Med så veldig mange menneske på så alt for liten plass. Men det var fint likevel; raudvin, 80-tallsmusikk, og svartkledde skikkelsar med langt, slitt hår.  Det er lenge sidan sist.

Eg tenkte på og med dei der eg sto - menneska som myldrar og smiler eller står støtt og skuler. Eg tenkte på kor vanskeleg det er å alltid gje, å alltid strekkje seg ut og servere eit vennleg utrykk. Å vere rettferdig og tolmodig sjølv dei gangane når verda er seig og sliten.

 Men så kom det ein gut i rullestol og kyssa meg på handa og takka så fint fordi eg laga veg for han.

"Takk for at du passar på" sa han, og overdøyvde folkehopen. Og akkurat då gjorde han verda gnagande vakker.

 

Takk sjølv, du som gjev meir når andre trur du har mindre å gje.

 

  • 26.jan.2009 kl.14:39 i Ord og bilete
  • Éin kommentar
  • Permalenkje
Stikkord:
Les meir i arkivet » Oktober 2009 » Mars 2009 » Februar 2009
hits